Tidleg sesongstart på Øverberg

Postet av Syvde IL den 29. Nov 2017

Rikeleg med snø ved Vassdalsbu Foto: Sølvi Midtbø


Det fine veret siste tida med snø i høgda har gjordt det muleg for oss å preparere løyper innover mot Vassdalsbu og over Vareggja. Som vi ser av bileta vi har fått låne av Sølvi Midtbø var det magisk stemning på fjellet. Vi har dessverre ikkje mange slike fine dagar, men vi prøver å preparere løyper når forholda tillet det. Informasjon om når vi køyrer løyper finn du på Syvde Idrettslag si Facebook side, som du enkelt finn på nettsida vår. Vi håper på mange slike fine dagar utover vinteren og ynskjer alle ein fin tur i løypene på Øverberg.






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline