Tord Asle Gjerdalen spring Blåfelden Rett Opp.

Postet av Syvde IL den 21. Mai 2017

Verdensmeister og Ski Classicsvinnar Tord Asle Gjerdalen er klar for Blåfelden.

3. juni kjem Tord Asle Gjerdalen på besøk til Syvde for å springe Blåfelden Rett Opp. Han er kjendt frå det norske landslaget i langrenn og har bl.a. verdensmeistertittel frå VM i Oslo (2011) og i Val di Fiemme (2013). Gjerdalen begynte i 2014 å satse på langløp i Team Santander, eit team som vart etablert i 2007 av Jørgen og Anders Aukland, begge tidlegare deltakarar i Blåfelden Rett Opp. Han er fortsatt i verdenstoppen og sist vinter vann han "Ski Classics", ein langløpscup med 13 renn. Samstundes vart han historisk då han vann det kjende Marcialonga for tredje gong på rad, det har ingen gjordt før han.


Gjerdalens varemerke er å gå skirenn iført pilotbriller av typen Ray Ban, han har derfor fått Ray Ban som personlig sponsor. Gjerdalen er utdannet lege ved Universitetet i Oslo. Vi gler oss til å få besøk av tobarnsfaren Tord Asle og det vert spennande å sjå om han klarer å slå tidene til lagkameratane Jørgen og Anders Aukland.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc