Premiering FJELLTRIMMEN 2017

Postet av Syvde IL den 27. Jan 2018

Dei sprekaste i Fjelltrimmen 2017: foran f.v. Junior Fjellgeit Amalie Anny Ervik Røys og Linnea Ekremsæter Eikrem og Årets Fjellgeit Sølvi Midtbø, bak f.v. Årets Fjellbukk Frode Myrvoll og heldige Kenneth Halse Eikrem, som kan ta med seg einkvann på ein hotellweekend betalt av COOP og Syvde idrettslag.

Junior Fjellgeit Anna Kristin Øvregård Thue.


For å delta i konkurransen om dei gjeve titlane må du vere medlem i idrettslaget. Årets vinnerar er ivrige fjellfolk og har vorte premierte i Fjelltrimmen fleire gongar. Men det er ein ny bukk i flokken og den av medlemane som har flest poeng og soleis kåra til Årets Fjellbukk er Frode Myrvoll. Han er den som har vore flest turar på Skåranipa (5), Høgenipa (10) og Blåfelden (12) og ilag med mange andre turar gir det han ein poengsum på 409.

Årets Fjellgeit, Sølvi Midtbø er den av kvinnene som har flest turar på Blåfelden (10), Sandfjelltua (6) og Lisjeblæja (12) og samla til slutt 349 poeng.

Det er også andre enn medlemar i Syvde Idrettslag som benytter seg av Fjelltrimmen som inspirasjon til å halde seg i god form. På listene finn vi bl.a. Magne Myklebust frå Syvde. Han har vore på mange fjellturar og aldri før har nokon registrert seg 15 gongar på Blæja. 

Vi deler også ut ein hotellweekend blandt medlemane som har besøkt alle postane iløpet av sesongen. I år var det 22 medlemar som hadde vore på alle postane. Vi ynskjer Kenneth Halse Eikrem god tur og takker alle som besøker postane våre rundt om i Syvdsalpane. 

Fjelltrimmen 2017.pdf




Blåfelden Rett Opp 10 års jubileum

Postet av Syvde IL den 7. Jan 2018

Torfinn, Merete, Per Magne og Eivind Lars likar seg på telttur.

Delar av styret i Syvde idrettslag kikar fram og ynskjer alle velkomne til å vere med på  Blåfelden Rett Opp sitt 10 års jubileum. Dei prøvekøyrer det nye teltet som kan verne funksjonærarane på Blåfelden mot kald vind og hissige regnbyger, men aller helst ynskjer vi at teltet fungerer som eit skiftetelt eller eit vern mot sola :-)

Laurdag 2. juni går startskotet for det tiande utgåva av Blåfelden Rett Opp, og styret er igong med planlegging av jubileumet. Mange brikker skal på plass og tida fram til jubileumshelga går fort. Løpet vert i år som i fjor ein viktig del av dei tradisjonelle Kosterikjedagane, som startar fredag 1. juni og varer til søndag 3. juni.

Løpet vil ha vanlig klasseinndeling med premie til klassevinnerane og pengepremie til dei tre beste tidene i klassene for kvinner og menn. Vi fortsetter suksessen med lagkonkurranse der eit lag består av min. tre deltakerar og det må vere reine kvinne- herre lag.