Parkeringsplass ved Lundagjerde.

Postet av Syvde IL den 17. Jul 2016

Turgåarar som parkerer ved vegenden i Røfsdalen har mange gongar gått å uroa seg over om dei finn bilen skada av beitande dyr når dei kjem tilbake etter ein tur i Lisjerøfsdalen eller Lisjeblæja. Mange har snakka om at det skulle ha vore ein inngjerda parkeringsplass ved vegenden. Denne sommaren har fleire fått skade på bilen sin, og det var på tide at prat vart omsett til handling. Takka vere ein dugnadsinnsats frå idrettslaget og Eikrem Maskin har denne helga vorte nytta til å opparbeide større parkeringsplass. Det er sett opp eit gjerde som hindrar beitande storfe i å kome i kontakt med parkerte bilar. Idrettslaget kjøpte inn staur, netting og beitegrinder. Det har vore køyrt på fleire lass med grus, delar av elva lagt i rør og for å lette inn og utkøyring frå parkeringsplassen er det brukt to beitegrinder med åpning på 4,3 meter. Det er beregna plass til åtte bilar, so det er viktig at du tenker på det når du parkerer.

Vi håper plassen vert til glede og ynskjer alle god tur. Hugs å stenge grinda etter deg!

Odd Myklebust, Kenneth Eikrem og Atle Midtbø.

Øyvind Eikrem i Eikrem Maskin og Odd Myklebust.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.