BRUA I BUHOLM

Postet av Syvde IL den 30. Sep 2020

Syvde Idrettslag starta våren 2020 med bygging av tur- sykkelveg på vestsida av Sætrevatnet på Røfsdalsætra. Det er eit godt utbygd dalføre, med fleire skogsvegar som vert flittig brukt av både turgåerar og syklistar. Idrettslaget ville forlenge vegen på vestsida av vatnet og koble den ihop med Sætrevegen i Buholm. Det ville soleis verte ein fin rundtur og etter at planane vart godkjendt, finansieringa på plass, starta Eikrem Maskin med arbeidet.

Vegen er omlag 900 meter og fell fint i terrenget. Det er bygd to rasteplassar langs vegen for dei som ynskjer å ete nista si eller berre sitte å nyte stillheita. For å krysse elva i Buholm måtte det byggast ei bru. Brua vart designa og teikna i samråd med Ivar Arnesen på GG Bygg i Syvde.

Fundament vart oppmura og tre telefonstolpar fungerer som berebjelkar. Ein dyktig dugnadsgjeng starta arbeidet med bygginga av brua, der all materialen var ferdig kappa og tilpassa frå GG Bygg. Før materialen vart frakta til Buholm måtte det beisast og smørjast med impregnering, slik at vi kan ha glede av brua lengst mogleg :-) Vi har teke med nokre bilde som syner byggearbeidet etterkvart som brua vart til.


Beising på GG: Sigurd Asklund, Atle Midtbø, Steinar Arne Nordal og Knut Brudevoll.


Armering og forskaling: Sindre Brekke og Odd Myklebust.

Odd Myklebust ventar på å få gå over, medan Terje Eikrem, Eivind Øvregård og Steinar Arne Nordal gjer so godt dei kan.

Terje Eikrem høyrde det banka under brua og trudde det var trollet. Det var det ikkje... eller var det det?

Fyrste økta er snart gjorde. Då tok vi lagbilde: Odd, Atle, Terje, Steinar og Eivind.

Hallvard Brekke stillte med betongblandar og fekk forankra endane og "drog av" på endane slik at brua stettar krava til universell utforming. Kristian Bentsen dreg av og Steinar Arne Nordal kontrollerer. 

Litt finmysing for å få rekkverket på plass, det passa verken med vinkel eller vater.

Ei trygg og god bru som vi håper mange kjem til å nytte når dei skal ha seg ein trimtur, eller litt frisk luft på tur i den fine Røfsdalen. Tusen takk til dyktige dugnadsfolk i Syvde Idrettslag som var med å gjorde dette mogleg!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.