Fjellgeit og Fjellbukk 2018

Postet av Syvde IL den 29. Des 2018

F.v: John Nordal, Terje Eikrem, Sølvi Midtbø, Linnea Eikrem og Anna Kristin Øvregård Thue.

Då er det klart kven som vart Fjellgeit og Fjellbukk 2018. Under ei enkel markering 29. desember, ved grana på Gamlekyrkjegarden i Syvde fekk dei ivrige fjellvandrarane sine premier. Dei fleste av dei premierte har vunne titlar i Fjelltrimmen fleire gonger og synest tydeligvis at det er kjekt på fjelltur. 

Sølvi Midtbø hadde flest poeng av alle, 376 poeng, og fekk sin sjette Fjellgeit tittel (09- 11- 15- 16- 17) Sølvi var den som besøkte Lisjeblæja flest gongar, 13 turar hadde ho til sitt favorittfjell. Ho har også flest turar til Blåfelden (10)

 Anna Kristin Øvregård Thue hadde 166 poeng fekk sin femte tittel som Junior Fjellgeit (10- 14- 15- 17) og Linnea Eikrem med 106 poeng fekk sin fjerde tittel (13- 16- 17) I år fekk vi ny Fjellbukk og ein ny Junior Fjellbukk. 

John Nordal var den heldige som fekk påspandert hotellweekend frå COOP og Syvde Idrettslag. John har forøvrig med seg Fjellbukk tittel frå åra 09- 10- 12.

I år tok idrettslaget på seg spanderbuksene og ga vinnerane ei flott julegåve: Fjellgeit og Fjellbukk fekk kvar sitt gåvekort pålydande kr.1000.- frå XXL og juniorane fekk gåvekort verdi kr. 500.-


Terje Eikrem mottek sin fyrste Fjellbukk tittel.

Terje Eikrem fekk tittelen Fjellbukk 2018. Han enda på 344 poeng og har vore flest gongar på Blæja (3) og Sandfjelltua (17). Det var på tide han fekk tittelen Fjellbukk, vi gløymer ikkje at han og Sigurd var dei fyrste og hittil einaste som har besøkt alle postane på eit døgn.  http://syvdeil.no/blog/post/47888/12-postar-pa-ein-dag.?ispage=true

Junior Fjellbukk 2018 William Eikrem Nordmark.

Ny Junior Fjellbukk 2018 er fødd i 2010 og har besøkt alle postane til idrettslaget. Han enda på 201(!!) poeng. William er busett på Jæren, men har bestemor og bestefar frå Syvde.

Styret i Syvde Idrettslag gratulerer alle vinnerane!!


Her er resultatlista med alle deltakarane over 50 poeng: Resultat 2018.pdf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.