Fjelltrimmen 2021

Postet av Syvde IL den 27. Jun 2022

I 2021 vart Karoline Lundås årets fjellgeit med totalt 1370 poeng. Ho er den som har vore flest turar i Lisjerøfsdalen og på Ulvenakken. 

Frode Myrvoll vart årets fjellbukk med totalt 1320 poeng. Han er den som har vore flest turar på Høgenipa. 

Dei har begge fått kvart sitt gavekort på 1000,- hjå XXL. 


Årets junior fjellgeiter vart William Eikrem Nordmark med 200 poeng (alle postane), Amalie Ervik Røys (90 poeng) og Sofie Ervik Røys (90 poeng). Dei har fått kvart sitt gavekort på 500,- hjå XXL. 


Frode Myrvoll vart den heldige vinnaren av Coop HotellKupp som vart trek ut av dei som har besøkt alle postane til idrettslaget.  


Her finn du resultatliste for fjelltrimmen 2021: 

RESULTAT FJELLTRIM 2021.pdf


Bilete av posten på Høgenipa




Monica Solheim og Håvard Tonheim vann Blåfelden Rett Opp 2022

Postet av Syvde IL den 12. Jun 2022

Blåfelden Rett Opp 2022 vart arrangert 11. juni med krafrige vindkast på toppen. I sentrum av Syvde var det meir sommarlege temperatur men når ein nærma seg toppen, auka vinden og det vart betydelig kjøligare med lette regnbyger. For enkelte løperar vart det ein kald opplevelse og mange var snare ned att. På grunn av sterke vindkast fekk Team Blåfelden ikkje rigge målområdet med mål segl, telt eller beachflagg. To av balkongflagga forsvann utfor kanten i ei  vindfuke. 

  Det var totalt 95 stk som tok turen til Blåfelden denne dagen, der av 37 stk i konkurranseklassa. Håvard Tonheim frå Eikefjord IL kom fyrst til Blåfelden med Trym Dalseth Lødøen-Haugen IL og Lars Åkernes Rimreit-Eidsdal IL halsande bak.

Håvard Tonheim- Eikefjord IL 42:29 foto: Sølvi Midtbø

Raskaste dame til toppen av Blåfelden Rett Opp vart Monica Solvang- Indre Sandvika til knallsterke 45:30 kun 3,01 minutter etter Håvard Tonheim. 

Monica Solvang- Indre Sandvika hever hendene i veret og er fornøgde med sitt fyrste besøk på Blåfelden. Foto: Sølvi Midtbø.

Eit fargerikt innslag i startområdet var mannskap frå Vanylven Brann og Redning som regulerte trafikken og køyrde som ledebil for dei 37 løperane som ga full gass frå start. 

 Z1.1.klar til signalet frå starter Kjell Arne Myrvoll. Foto: Wenche Køso.

Eit anna fargerikt innslag var starter Kjell Arne Myrvoll, som fekk løperane avgårde på ein verdig måte. Med Davy Croket-hue og hjorteskinnsvest fyrte han av muskedundra med svartkrut, so ein høyrde smellet opp på Blåfelden.

Ingen andre motbakkeløp har starter av dette kaliber. Foto: Wenche Køso.

Sprekaste 82-åring på Blåfelden: Knut M. Øverberg.


RESULTAT BLÅFELDEN RETT OPP 2022:


Blåfelden Rett Opp MOSJON 2022.pdf

Blåfelden Rett Opp 2022 kvinner.pdf

Blåfelden Rett Opp 2022 menn.pdf

Blåfelden Rett Opp 2022 LAG KVINNER.pdf

Blåfelden Rett Opp 2022 LAG MENN.pdf

Klassevinnerer kvinner og menn.pdf


Fleire bilder med høgdepunkt frå løpet:

Team Blåfelden poserer høgt over Kosterikjet.

Nr.2: Trym Dalseth Lødøen- Haugen IL Foto: Sølvi Midtbø

Nr. 3: Lars Åkernes Rimereit- Eidsdal IL. Foto: Sølvi Midtbø 

Dei tre raskaste gutta. Foto: Sølvi Midtbø 

Foto: Sølvi Midtbø

Ole Petter Storeide- Fiskå IL. Foto: Sølvi Midtbø


Axel Østby- Børsen rett opp. Foto: Sølvi Midtbø 

Nr. 1: Monica Solvang- Indre Sandvika. Foto: Sølvi Midtbø 

Arild Bjarkø- Os IL sprang inn til sterke 55:13 i klasse 65-69. Foto: Sølvi Midtbø 

Foto: Sølvi Midtbø

Anders Midtbø-Syvde IL, Martin Jung- Germany og Amalie Flister-Pjås. Foto: Sølvi Midtbø 

Amalie Flister- Pjås tek ein velfortjent pust i bakken. Foto: Sølvi Midtbø 

Starnummer 2 Jonas Køso Svarstad 56:01 og Anders Ystebakk Midtbø (ståande) 56:17. Foto: Sølvi Midtbø 

Tre raskast damer. Foto: Sølvi Midtbø

Lag Vanylven FK. Foto: Sølvi Midtbø 

Sofie Vik- NHHI og Blåfeldenambassadør av 1.grad. Foto: Sølvi Midtbø

"Børsen rett opp" menn og kvinner med Børsdirektør Sofie Vik foran t.h. Foto: Sølvi Midtbø 

Alexa Perrault- Canada går imål 01:35:22 iført Blåfeldgeneralen si jakke. Foto: Sølvi Midtbø 


Håvard Tonheim i god driv mot toppen av Eggja. Foto: Anne-Mari Løseth

Trym Dalseth Lødøen er komt oppå Eggja. Foto: Anne-Mari Løseth.

Samla gjeng med Amalie Flister i front og Jonas Køso Svarstad bak. Foto: Anne-Mari Løseth

Ole-Petter Storeide og Monica Solvang bak. Foto: Anne-Mari Løseth

Team Blåfelden i morgontimane passerer "Blåfeldportalen"


Godt å innta horisontalen når ein er komt til toppen.  

Speaker Helge Svarstad med sønn Jonas. Foto: Wenche Køso

Atle Midtbø klar for premieutdeling. Foto: Helge Svarstad


Lagkonkurranse menn: Nr.1: Stao no pao. Nr.2: Vanylven FK. Nr.3: Børsen rett opp. Foto: Lars Myklebust.

Eit kvinnelag i konkurransen: Børsen rett opp. Foto: Lars Myklebust. 

Klassevinnerar Menn: F.v: Pål Asklund, Trym Dalset Lødøen, Håvard Tonheim, Steinar Lade, Bjørn Ove Aaland, Are Uran og Arild Bjarkø. Ivar Myklebust var ikkje til stades. Foto: John Willy Klungre. 

Seierspallen damer: 1: Monica Solvang 45:30. 2: Ingfrid Klokseth 51:52. 3: Amalie Flister 56:18 ( ikkje tilstades) Foto: Lars Myklebust. 

Seierspallen menn: 1: Håvard Tonheim 42:29. 2: Trym Dalset Lødøen 42:40. 3: Lars Åkernes Rimereit 42:52. (ikkje tilstades)  Foto: Lars Myklebust.