Stikk Ut til Vanylven

Postet av Syvde IL den 31. Jan 2020

Politikarane i Vanylven har gjordt vedtak om å verte medlem i Sunnmøre friluftsråd frå 1.januar 2020. Dette inneber at kommuna betaler ei medlemsavgift pr. innbyggar pr år, og på heimesida til friluftsrådet står det:

Friluftsrådet har fleire ansvarsoppgåver for medlemskommunane:

  • Drift og vedlikehald av friluftsområde
  • Råd og rettleiing i friluftslivssaker
  • Utlån av utstyr
  • Aktivitet og opplæring

Dei driv også mellom anna med turopplegget Stikk Ut, der alle medlemskommunane har turar som tel med i ein konkurranse om å samle flest Stikk Ut turar.

Det er få kommunar i landet som har eit so omfattande, velmerka turnett som Vanylven. Alle kjende ruter er merka med skilt og merkepinnar, innteikna på kart og registrerte med GPS. 90 av desse turane er registrerte på http://morotur.no/Morotur/Heim med fyldig beskrivelse og bilete, og GPS fila kan lastast ned slik at ein er trygg på å finne vegen. Dette arbeidet har pågått i mange år, på frivillig basis av eldsjeler frå ulike lag og organisasjonar i kommuna. Men arbeidet er ikkje ferdig når ein har merka ei rute. Det er eit kontinuerleg arbeid for ruta må vedlikehaldast, klipping av busker og einer, erstatte øydelagde stikker og skilt og friske opp versliten maling. 

Frå 1. mai skal Vanylven kommune ha klar sine Stikk ut turar, og i den anledning var dei omtalte eldsjelene inviterte til eit møte, der kommuna ville ha råd om kva turar som skulle velgast. Det vart informert om ordninga, turane skal merkast med raude skilt i starten og der det er stikryss, henge opp boksar hvis det ikkje allereide er boks på turmålet, merke posten med pinkode og evt. bytte bøker. Kommuna eller friluftsrådet har ikkje folk til å gjere denne jobben.

At kommuna inngår ein slik avtale utan å ha rådspurt eller hatt dialog med frivillige lag og org. er kritikkverdig. Fleire var kritiske til ordninga når det synte seg at kommuna forventar at frivillige lag og organisasjonar tek på seg meirarbeidet med merking og det praktisk arbeidet med tilrettelegging. Fleire lag i kommuna har fortsatt prosjekt igong som er trivseltiltak, der friluftsliv og målet om å få fleire ut i naturen har fokus. Det vart stillt spørsmål om den årlege medlemskontingenten på kr. 60 000 kunne vore betre nytta til prosjekt i vår eigen kommune. 

Til tross for kritikken vart det plukka ut 15 turar. Desse turane vert presentert av Sunnmøre friluftsråd når stikk ut sesongen startar 1.mai.