Fjellgeit og Fjellbukk 2018

Postet av Syvde IL den 29. Des 2018

F.v: John Nordal, Terje Eikrem, Sølvi Midtbø, Linnea Eikrem og Anna Kristin Øvregård Thue.

Då er det klart kven som vart Fjellgeit og Fjellbukk 2018. Under ei enkel markering 29. desember, ved grana på Gamlekyrkjegarden i Syvde fekk dei ivrige fjellvandrarane sine premier. Dei fleste av dei premierte har vunne titlar i Fjelltrimmen fleire gonger og synest tydeligvis at det er kjekt på fjelltur. 

Sølvi Midtbø hadde flest poeng av alle, 376 poeng, og fekk sin sjette Fjellgeit tittel (09- 11- 15- 16- 17) Sølvi var den som besøkte Lisjeblæja flest gongar, 13 turar hadde ho til sitt favorittfjell. Ho har også flest turar til Blåfelden (10)

 Anna Kristin Øvregård Thue hadde 166 poeng fekk sin femte tittel som Junior Fjellgeit (10- 14- 15- 17) og Linnea Eikrem med 106 poeng fekk sin fjerde tittel (13- 16- 17) I år fekk vi ny Fjellbukk og ein ny Junior Fjellbukk. 

John Nordal var den heldige som fekk påspandert hotellweekend frå COOP og Syvde Idrettslag. John har forøvrig med seg Fjellbukk tittel frå åra 09- 10- 12.

I år tok idrettslaget på seg spanderbuksene og ga vinnerane ei flott julegåve: Fjellgeit og Fjellbukk fekk kvar sitt gåvekort pålydande kr.1000.- frå XXL og juniorane fekk gåvekort verdi kr. 500.-


Terje Eikrem mottek sin fyrste Fjellbukk tittel.

Terje Eikrem fekk tittelen Fjellbukk 2018. Han enda på 344 poeng og har vore flest gongar på Blæja (3) og Sandfjelltua (17). Det var på tide han fekk tittelen Fjellbukk, vi gløymer ikkje at han og Sigurd var dei fyrste og hittil einaste som har besøkt alle postane på eit døgn.  http://syvdeil.no/blog/post/47888/12-postar-pa-ein-dag.?ispage=true

Junior Fjellbukk 2018 William Eikrem Nordmark.

Ny Junior Fjellbukk 2018 er fødd i 2010 og har besøkt alle postane til idrettslaget. Han enda på 201(!!) poeng. William er busett på Jæren, men har bestemor og bestefar frå Syvde.

Styret i Syvde Idrettslag gratulerer alle vinnerane!!


Her er resultatlista med alle deltakarane over 50 poeng: Resultat 2018.pdf



KOM I FORM MED SYVDE IDRETTSLAG

Postet av Syvde IL den 21. Okt 2018

KOM I FORM MED SYVDE IDRETTSLAG. Denne hausten- vinteren vil idrettslaget ha tre treningsgrupper i gang. Det er sosialt og ikkje minst inspirerande å trene ilag med andre. Formnivået er sjølvsagt individuelt, men sjølv om du er nybegynner so er det ingen problem å vere med. Antall repetisjonar og lengde på intervallen justerast av den enkelte. 

Mandag kl. 19.30: Intervalltrening på div. skogsvegar, rask gange/ jogg i motbakke med stavar, når ver og føre tillet deg kan trening... også føregå på sykkel. (ski?)


 Tysdag kl. 19.00: uteTRENing med puls. Styrketrening- kjernemuskulatur- kondis for damer. Ute, som oftast ovanfor gymsalen i Syvde samf.hus.


 Onsdag kl. 19.30: Styrketrening- kjernemuskulatur for menn. Gymsalen i Syvde samf.hus.

 Styret i Idrettslaget arbeider også med å etablere ei sykkelgruppe, som vi håper å starte opp til våren. Satsar på å ha opplegget klart til årsmøtet i februar. Har du lyst å vere med å sykle ilag med oss er desse treningane ein god start. Info om treningane gis på lukka facebookgruppe/ messenger.  Interessert? Send sms til 97114208 for meir info.



Resultat Blåfelden Rett Opp 2018

Postet av Syvde IL den 2. Jun 2018



Vinner av Blåfelden Rett Opp 2018 Thorbjørn Ludvigsen på ny løyperekord 35.48. Her ilag med vinner dameklasse Johanna Åstrøm og Kristen Skjeldal som vart nummer 3. 


Det vart ein fantastisk sommardag på Blåfelden. Om morgonen låg skodda tjukk inn fjorden men på drikkestasjon 1 skein sola. Skodda letta etterkvart og alt låg til rette for nye rekordar. Og rekord vart det. Thorbjørn Ludvigsen besøkte oss andre året på rad og sette ny løyperekord på utrulege 35:48. I kvinneklassa vann svenske Johanna Åstrøm på 44:59. Det var også ny rekord i antal deltakarar i konkurranseklassa med 83 stk. Det er veldig inspirerande å sjå at løperar kjem tilbake til Blåfelden år etter år, og at toppløperar som konkurrerer i inn og utland finn vegen til Blåfelden.

Resultat Kvinner.pdf


Resultat Menn.pdf


Klassevis Kvinner.pdf


Klassevis Menn 2018.pdf


Lagkonkurranse Kvinner.pdf


Lagkonkurranse Menn.pdf


Startliste mosjon 2018.pdf











Påmelde Blåfelden 2018

Postet av Syvde IL den 29. Mai 2018

Ei lita påminning til alle løperane.....


Her er lista over påmelde i konkurranseklassa sist oppdatert  1.juni kl 20.00


Påmelde Blåfelden 2018.pdf








OL heltar til Blåfelden Rett Opp

Postet av Syvde IL den 22. Mai 2018

Thomas Alsgaard, Anders Aukland, Frode Estil og Kristen Skjeldal

 I samband med 10 års jubileumet slår vi på stortromma og gjenforener heltane frå stafettlandslaget under OL i Salt Lake City 2002.  Desse karane dominerte langrennsporten i mange år, med fleire OL og VM- gullmedaljer der skikongen Thomas Alsgaard er den største grossisten. Dei har for alltid skreve seg inn i Norsk OL- historie og det var stort for oss i Syvde Idrettslag, då vi lanserte ideen om gjenforening av laget og dei takka ja. Det har ikkje byd seg noko anledning for dei til å treffast etter at dei slutta på landslaget, men no skjer det altso. På Blåfelden Rett Opp under Kosterikjedagane! 

Karane er fortsatt i god form og Anders er nok den som er mest aktiv. Han signerte i vår for tre nye sesonger som langrennsløper på toppnivå https://www.langrenn.com/uttak...  og er i desse dagar på Grønland ilag med broren Jørgen for å prøve seg på å sette verdensrekord i kryssing av Grønland. Den gamle rekorden er på 6 dagar og 22 timar. Du finn bloggen deira her https://auklandmetoden.no/even...  Vi kryssar fingrar og håper dei kjem i mål før tidsfristen og at Anders har igjen litt saft i beina til råsa opp på Blåfelden. 

Dei stiller til start under Blåfelden Rett Opp 2. juni 2018, som individuelle løperar og som lag. ( Ikkje stafettlag slik dei er vandt med :-) 




Jubileums T-skjorte og påmelding

Postet av Syvde IL den 5. Apr 2018

Med ny logo lanserer vi også ei jubileums t-skjorte i fleire fargar. Skjorta som er av merket Craft har Blåfeldlogo på ryggen og høgre arm. På venstre arm er logoen til hovesponsor Sparebanken Møre. Vi tilbyr medlemar i idrettslaget å få trykt på logoen til idrettslaget mot eit lite tillegg. Skjorta sel vi rimelig utan fortjeneste og den er forbeholdt dei som deltek i løpet, enten i mosjon eller konkurranse. Du finn meir informasjon om skjorta på skjemaet for påmelding.   http://syvdeil.no/p/12543/pame... 

Vi gjer merksame på at bestillingsfristen for t-skjorte er i løpet av søndag 6. mai.





Skisesongen er på hell.

Postet av Syvde IL den 5. Apr 2018

I solveggen ved Vassdalsbu.

Skisesongen på Øverberg skisenter har vore lang iår, vi starta løypekøyring 7. November og sidan har vi hatt preparerte løyper Mange fleire har fått augene opp for det flotte skiterrenget mellom Øverberg og Slivatnet. Sjølv om sesongen med preparerte løyper på Øverberg går mot slutten, er skisesongen i Syvdsalpane på langt nær over. Det er ingen grunn til å pakke vekk skia, etter mange si meining er tia framover no den finaste for skiturar

Vi deler nokre bilder frå den fantastiske påska 2018, frå Øverberg skisenter og Sandfjelltua i Syvdsalpane.

Sjeldan eller aldri har Sandfjelltua vore so dekorert av skispor. Tusen Takk til alle som støttar løypekøyring på Øverbergog vi gler oss til neste skitur!

Ein forventningsfull gjeng på Sandfjelltua 1. påskedag som gler seg til nedkøyringa. Desse er på biletet: Christer Rosenlund, Ellen Eckhoff Holsvik, Sølvi Midtbø, Randi Iren Helgøy, Tone Helgøy Bø, Kjell Terje Bø, Synnøve Kalleklev, Stina Rosenlund, Alexander Eriksson, Oddbjørg Vik Nordal, Steinar Arne Nordal. Alle foto: Atle Knut Midtbø



Blåfelden Logo

Postet av Syvde IL den 2. Apr 2018

I samband med at det i år er 10 års jubileum på Blåfelden Rett Opp har vi fått laga ein tøff logo. Logoen er ein skråskoren karikatur av toppfeltet av fjellet og utgjer ikonet. Teksten er skråstilt oppover og danner base for fjelltoppen. Uttrykket er maskulint og sterkt - og kan gje assosiasjonar til sport og fritid. 


Logoen er designet hos TEGNEREN as i Ulsteinvik og vi er veldig fornøgd med resultatet. Vi har fått produsert buff- hals med logoen som vi vil gi i gåve til alle som deltek i årets Blåfelden Rett Opp.



Utsnitt av buff- hals.



Øverberg Skisenter er online.

Postet av Syvde IL den 12. Mar 2018

10. mars var ein merkedag for Øverberg Skisenter og Syvde Idrettslag. Då kunne du nemelig fylgje trakkemaskina si ferd innover Syvdeslidane, nesten minutt for minutt. Vi har montert GPS i maskina og publikum kan no få oppdatert løypeinfo når ein treng det. Nettadressa er www.skisporet.no  eller via ein app som heiter skisporet. Heile løypenettet vårt er innteikna og fargen endrar seg i forhold til når det sist vart køyrt løype. Vi vil sjølvsagt i tillegg holde alle informert om ver og føreforhold, med bilete på facebooksida til Syvde IL. Nyttar høvet og minnner om at det er mange i Syvde Idrettslag som arbeider dugnad for at skiløypene skal verte best muleg. Vi seier Tusen TAKK til alle som set pris på dugnadsarbeidet og betaler litt i løypestøtte!! Kryssar fingrer og håper på at skisesongen varer langt over påske! God tur!



Blåfelden Rett Opp deltek i motbakkecup.

Postet av Syvde IL den 12. Mar 2018

 Også iår vil Blåfelden Rett Opp vere det fyrste løpet i SparebankenMøre Motbakkecup. I år er cupen utvida til elleve motbakkeløp, so det er mange flotte arrangement å velge i. Vi håper mange prikkar inn forma og er klar til å vere med på 10 års jubileumet til Blåfelden Rett Opp 2. juni. Meir infor om cupen finn du her: Sparebanken Møre motbakkecup 2018.pdf


Øverbergrondå i fin stil.

Postet av Syvde IL den 5. Mar 2018

Flotte forhold under den åttande Øverbergrondå som vart arrangert søndag 4. mars. Det vart køyrt opp løyper frå Øverberg innover til Slivatnet og Heimesætrane, vidare over Vareggja og Huldreløypa som slyngar seg over Hellebustfjella, innom Vassdalsbu og tilbake til Øverberg. Over 2 mil med løyper i eit fantastisk flott turterreng. Det var sol og vindstille heile dagen men mange, mange fleire enn dei 67 påmelde burde ha vore til fjells denne dagen. 

Runar og Magnus Vik, Anders Midtbø, Siv Vik, Gunnar Eikrem, Sølvi Midtbø, Kim Tonny Røys og Amalie Ervik Røys har nettopp registrert seg på kontrollposten ved Slivatnet og er klar til å fortsette turen til Vassdalsbu.  Ved Vassdalsbu hadde Røde Kors med heile sin ekvipasje base, og serverte bålkaffi og dei demonstrerte korleis elektroniske skredsøker fungerte. 

Lensmann Tormod Hvattum bruker løypene på Øverberg skisenter so ofte han kan. Han deltok i sin femte ronde og hadde kvalitetssikra løypene då han ankom Vassdalsbu. Han klaga litt på løypene, dei var for perfekte. 

Resultalister Øverbergrondå 2018.pdf

Her er litt fleire bilder frå Øverbergrondå 2018: 








                                                                                                               



Familiebading Syvde IL

Postet av Syvde IL den 1. Feb 2018

Familiebading- fredagar kl. 16.00-17.30

 

Dato                     tid                                       ansvarleg vakt

 

2.2                        16.00-17.30                      Per Magne Sørdal

9.2                        s.t                                        Sigurd Asklund

16.2                      s.t                                        Grethe Ervik

23.2                      VINTERFERIE BASSENGET STENGT

2.3                        s.t                                        Per Magne Sørdal

9.3                        s.t.                                       Sigurd Asklund

16.3                      s.t                                        Grethe Ervik

 

 

Familiebading er eit tilbod til medlemmene i Syvde IL. Ansvarleg badevakt har oppsyn med at reglane for bruk av bassenget vert haldne. Born ha følgje av føresette. Vel møtt!



Premiering FJELLTRIMMEN 2017

Postet av Syvde IL den 27. Jan 2018

Dei sprekaste i Fjelltrimmen 2017: foran f.v. Junior Fjellgeit Amalie Anny Ervik Røys og Linnea Ekremsæter Eikrem og Årets Fjellgeit Sølvi Midtbø, bak f.v. Årets Fjellbukk Frode Myrvoll og heldige Kenneth Halse Eikrem, som kan ta med seg einkvann på ein hotellweekend betalt av COOP og Syvde idrettslag.

Junior Fjellgeit Anna Kristin Øvregård Thue.


For å delta i konkurransen om dei gjeve titlane må du vere medlem i idrettslaget. Årets vinnerar er ivrige fjellfolk og har vorte premierte i Fjelltrimmen fleire gongar. Men det er ein ny bukk i flokken og den av medlemane som har flest poeng og soleis kåra til Årets Fjellbukk er Frode Myrvoll. Han er den som har vore flest turar på Skåranipa (5), Høgenipa (10) og Blåfelden (12) og ilag med mange andre turar gir det han ein poengsum på 409.

Årets Fjellgeit, Sølvi Midtbø er den av kvinnene som har flest turar på Blåfelden (10), Sandfjelltua (6) og Lisjeblæja (12) og samla til slutt 349 poeng.

Det er også andre enn medlemar i Syvde Idrettslag som benytter seg av Fjelltrimmen som inspirasjon til å halde seg i god form. På listene finn vi bl.a. Magne Myklebust frå Syvde. Han har vore på mange fjellturar og aldri før har nokon registrert seg 15 gongar på Blæja. 

Vi deler også ut ein hotellweekend blandt medlemane som har besøkt alle postane iløpet av sesongen. I år var det 22 medlemar som hadde vore på alle postane. Vi ynskjer Kenneth Halse Eikrem god tur og takker alle som besøker postane våre rundt om i Syvdsalpane. 

Fjelltrimmen 2017.pdf




Blåfelden Rett Opp 10 års jubileum

Postet av Syvde IL den 7. Jan 2018

Torfinn, Merete, Per Magne og Eivind Lars likar seg på telttur.

Delar av styret i Syvde idrettslag kikar fram og ynskjer alle velkomne til å vere med på  Blåfelden Rett Opp sitt 10 års jubileum. Dei prøvekøyrer det nye teltet som kan verne funksjonærarane på Blåfelden mot kald vind og hissige regnbyger, men aller helst ynskjer vi at teltet fungerer som eit skiftetelt eller eit vern mot sola :-)

Laurdag 2. juni går startskotet for det tiande utgåva av Blåfelden Rett Opp, og styret er igong med planlegging av jubileumet. Mange brikker skal på plass og tida fram til jubileumshelga går fort. Løpet vert i år som i fjor ein viktig del av dei tradisjonelle Kosterikjedagane, som startar fredag 1. juni og varer til søndag 3. juni.

Løpet vil ha vanlig klasseinndeling med premie til klassevinnerane og pengepremie til dei tre beste tidene i klassene for kvinner og menn. Vi fortsetter suksessen med lagkonkurranse der eit lag består av min. tre deltakerar og det må vere reine kvinne- herre lag.