Årsmøte i Syvde IL 2024

Postet av Syvde IL den 3. Mar 2024

Årsmøte i Syvde IL vert arrangert tysdag 12. mars kl. 19.00 på kantina ved Syvde Samfunnshus.

Vanlege årsmøtesaker.


Vel møtt!




Blåfelden Rett Opp 2024

Postet av Syvde IL den 14. Jan 2024

Årets Blåfelden Rett Opp vert arrangert 1.juni 2024, og som før er løpet eit av høgdepunkta under årets Kosterikjedagar. Påmelding og meir info finn du her på syvdeil si heimeside.

Blåfelden Rett Opp garanterer flott utsikt, syrefest i låra, varm motakelse i målområdet, pengepremiar til dei beste, flotte pokaler i lagkonkurransen og god stemning under premieutdelinga. Hiv deg rundt å bli med, enten i konkurransen eller i turklasse.



Premieutdeling fjelltrimmen 2023

Postet av Syvde IL den 23. Nov 2023

I 2023 vart Ole Martin Brudevoll årets fjellbukk med totalt 1670 poeng og 129 turar gjennom sesongen. Årets fjellgeit vart Sølvi Midtbø med 1110 poeng og 70 turar. Dei har begge fått kvart sitt gåvekort på 1000,- hjå XXL. Årets junior fjellgeiter vart William Eikrem Nordmark med 210 poeng og Sofie Ervik Røys og Hans Olav Nordal. Dei har fått kvart sitt gavekort på 500,- hjå XXL. 

Ingvar Brekke vart den heldige vinnaren av Coop HotellKupp som vart trekt ut av dei som har besøkt alle dei tolv postane til idrettslaget. 


Vi gratulerer årets vinnarar og vil oppmode fleire om å registrere seg i fjelltrimmen. 


Her finn du resultatliste for fjelltrimmen 2023: 

Resultatliste fjelltrimmen 2023.pdf


Sofie Ervik Røys, Ole Martin Brudevoll og Hans Olav Nordal


William Eikrem Nordmark



Syvde IL arrangerer familebading på onsdagar

Postet av Syvde IL den 11. Okt 2023

1. pulje:

Onsdag kl. 17.30-18.30 for 0-11 år (born må ha følgje av vaksne)


2. pulje:

Onsdag kl. 18.30-19.30 for 12 år og eldre. 


Familiebading er eit tilbod til medlemmene i Syvde IL. Ansvarleg badevakt har oppsyn med at reglane for bruk av bassenget vert haldne. Vel møtt!


Her kan du melde deg inn i Syvde IL: https://syvdeil.no/register/apply/application


Fotograf: Lavi Perchik hos Unsplash



Ny sesong med fjelltrimmen!

Postet av Syvde IL den 2. Okt 2023

Den 1. september starta ny sesong av fjelltrimmen. Vi minner om at berre registreringar gjort av medlemar i Syvde IL gjennom Georeg vert registrert i fjelltrimmen. Alle postane vil framleis ha besøksbøker der ein kan skrive namnet sitt. Vi oppmodar også dei som registrerer seg i Georeg til å bruke desse bøkene. Når det gjeld junior opp til og med 15 år, vert framleis registrering i fjelltrimmen gjort med utgangspunkt i bøkene. 


Her finn du oversikt over alle postane i fjelltrimmen.


Er du usikker på korleis Georeg fungerer? Her finn du brukarrettleiing og hjelp til å kome i gong. 


God tur frå Syvde IL!