Mandag 30 juli 2012 tok Kenneth Halse Eikrem, Adrian Eikrem, John Willy Klungre, Terje Eikrem, Kim Tonny Røys og Atle Midtbø turen til fjells for å finne den beste råsa på Blæjeggja, som vi ser i bakgrunnen på biletet over. Når ein nærmar seg toppen av Blæja er det bratt og turgåarar er ofte usikker på om kvar det er gåande. Vi har merka med blåmalte steinar og enkelte plassar har vi fjerna laus stein og jamna med krafse. Etter denne jobben kan du gå i merka løype frå Lisjerøfsdalen til Kvanndalen på Nordalsfjellet. Du får då med deg dei høgaste fjella i Vanylven kommune på ein flott rundtur.


I romjula raserte orkanen Dagmar varden på Lisjeblæja og her er karane i gong med å bygge oppatt varden.


Det var ein fantastisk fin sommardag og utsikta frå Blæjeggja er nyyyyydelig.
Her fann vi ei lita kløft som kan brukast til å forsere eit bratt parti. Kløfta vart renska rein for lausmasse slik at vi kom ned på fast fjell.

Her vert den sokalla Klungrepassasjen testa og alle kom seg opp. Den vart vesentlig forbetra etter dette, og medan John Willy Klungre gjorde seg fortjent til å få kløfta oppkalt etter seg bygde resten av gjengen rås vidare til toppen av Blæja.

Under toppen av Blæja er det veldig laus stein og bratt, men etter litt graving vart det ein fin sti som er fast å gå i.

Syvde idrettslag ynskjer alle ein god tur over Blæjeggja.