Slivassrennet 1941


ATTERSYN SYVDE IDRETTSLAG 50 års jubileum

1943- 1993

forfattar er Geir Nordal.



Også før Syvde Idrettslag vart skipa var det idrettsaktivitet i bygda. Ungar og ungdom sparka fotball på Notaplassen, og det var årleg skirenn i Syvdslidane. Folk frå Syvde deltok og i skirenn på Rota og Tryfta, og kvar haust var det fotballkamp mellom bygdefolk og jordbruksskulen på Eidså.
Tidlegare stod ikkje idretten so høgt i kurs i bygda. At ungar og ungdom fann på noko slikt ”fanteri” istaden for arbeid vart lite akseptert av dei vaksne.Idrettslaget vart skipa 12. november 1943. Dei 92 som skreiv under møteboka var med på noko som den gongen var ulovleg. Organisert idrett utanom det som tyskarane godkjende var forbodepå same måten som det var ulovleg å bruke raud topplue. Av di det var illegalt var laget difor ikkje åpe for kvinner. Malvin Brudevoll vart fyrste formann. Med seg i styret fekk han Rasmus Sørdal som nestformann, Johan Almklov som kasserar, Knut M. Myklebust og Trygve Lynum.
Laget vart frå starten kalla ”Storm”. Men då ein etter krigen søkte om opptak i Norges Idrettsforbund, vart ikkje dette namnet godkjent. På årsmøtet 30. nov. 1945 vart det difor vedteke å kalle laget Syvde Idrettslag. Alt frå starten var laget svært aktivt, og ikkje berre på det idrettslege området. I møteboka er der referert at laget i 1945 hadde 5 styremøte, 7 medlemsmøte, julefest, påskefest og basar.Laget skipa og til engelsk-kurs, 2 skirenn og fredsmarsj i tillegg til mange fotballkampar. Det var eige lagsblad ”Stormvarsel”, og underhaldninga på festane var imponerande.

Dei fyrste åra var det stort sett ski og fotball som var idrettsaktiviteten. Fotballkampane gjekk føre seg på Notaplassen, og laget kunne hevde seg bra i enkelte kampar. M.a. fekk Åheim bank med 12-0. Ein annan gong tok laget båt til Leikong der dei vann 2- 20 på bortebane. Utstyret var ikkje som i dag. Det vanlege var beksaumsko og ballen var som oftast heimelaga. Det var ikkje alltid han var like rund. Det fyrste skikkelege skirennet vart arrangert på Vikefjellet palmsøndag 1944. Eit par mann vart sende avgarde for å trakke løype, og etter ei stund starta deltakarane. Bles det litt, fauk gjerne sporet att, eller ein nådde att dei som gjekk føre og trakka. Løypa gjekk nesten til Høgenipa og hadde eit par utforkøyringar som ville skremt vitet av moderne langrennsløparar. Om det var amatørar som deltok kan diskuterast. Dei beste fekk nemleg pengepremiar, ikkje mindre enn kr. 10.- til vinnaren av langrennet. Vinnarane i kvinneklassene fekk silkestrømper.



Julefest i Syvde IL 1946

Dei som var aktive på ski deltok også i renn på Rota, på Dalsfjordfjellet og på Eidså. Det vanlege var å gå over fjellet dit rennet skulle haldast. Gå rennet som gjerne hadde nokre veldige stigningar og tilsvarande unnarenn, og så var det å gå same vegen attende. 3 karar frå Nordalen køyrde ein gong med hest til Eidså for å gå skirenn. Dei kom noko seint fram og berre ein fekk starte. Sigurd Landsverk la i veg som den siste av dei 20 startande og han var den fyrste som kom i mål.

Start nummer 15 Andreas Sørdal og nummer 19 Andreas Almklov.
Alt på fyrste styremøte tok laget opp arbeidet med å få eiga bane. Det vart tinga med grunneigarane på Notaplassen, i alt 24 mann. Etter lange forhandlingar skreiv alle under så nær som ein. Vedkomande møtte på eit av styremøta, og det vart på nytt forhandla i 3 timar utan resultat. Under krigen var det sterkt samhald i bygda og mykje ungdom var heime og arbeide på gardane. I åra etter krigen var det mange som reiste vekk på arbeid eller dei var vekk på fiske store delar av året. Det minka på ungdom og aktiviteten gikk ned. Frå 1949 til 1956 låg lagsarbeidet nede, men det vart arrangert ein og annan fotballkamp.



Etter at ei arbeidsnemd hadde vore i arbeid vart årsmøte halde 8. juli 1956. Gudmund Myhren vart formann og styret starta straks arbeidet med å skaffe laget ei bane. Aktiviteten var bra den fyrste tida, men med baneplanane gjekk det dårlegare. Det var snakk om bane på Reitane, og ovanfor skulen. Det var vanskeleg å få kjøpe grunn og fleirtalet i kommunestyret hadde lite til overs for idrettsungdom. Fotball var hovedidretten, men laget var og aktiv i friidrett. Kvart år var det stafett mellom laget og realskulen.
Frå 1960 til 1967 eksisterte laget berre i namnet. Det vart ikkje halde årsmøte og idrettsaktiviteten låg på eit lavmål. Litt aktivitet var det likevel. Svein Vik vart 2 gonger kretsmeister i friidrett, og hevda seg bra ellers. I 1967 vart Sverre I. Myklebust vald til formann og laget bygde hoppbakke i Vik. Etterkvart auka aktiviteten, og det var særleg i friidrett og på ski at laget hevda seg. Frå 1970 og fram til i dag har laget vore i jamn drift. I 1972 vart Åge Sørdal formann , og laget vart betre organisert. Sørdal var formann i 4 år. Etter at Kjetil Myklebust, Geir Nordal og Svein Vik hadde vore formenn i kortare tid, var Arvid Brudevoll leiar for laget i 5 fram til Kåre Vik tok over. I hans formannstid auka aktiviteten og ein fekk større breidde i laget. Grethe Myklebust tok over i 1987 og er så langt den einaste kvinnelege leiaren i laget. Etter henne vart Steinar Arne Nordal ny formann.



Frå 1970 og framover var det mest i friidrett laget var aktivt. Kvart år vart det skipa til terrengløp, og dei fleste år vart det arrangert Vanylvsmeisterskap i stille høgde og lengde samt 5- kamp. I fleire år var det fjell- løp på Nordalsfjellet, og ein del banestemne vart skipa til etter at bana på Eidså var ferdig. Dei fyrste åra deltok laget i fleire stafett- løp. Beste plassering var nok 2. plass i KM 4 x 1500 m i 1970. Kjetil Myklebust, Knut Audun Øvregård og Knut Sørdal vart i desse åra kretsmeister. Folk frå laget deltok ein god del i diverse stemne desse åra. Etter 1980 har aktiviteten i friidrett vore mindre, men særleg Harry Myklebust har hevda seg godt. Han har heile 8 gongar vore kretsmeister for senior, samt 7 gongar kretsmeister som veteran. Størst prestasjon er likevel at han har 5 norgesmeisterskap i veteranklassa. Det er ikkje fødd nokon stor idrettsmann i Syvde, berre små barn. Men mange har utvikla seg bra etter kvart. Ved sidan av Harry er det vel Magnor Myklebust som har hevda seg best på nasjonalt plan.



Tidleg på 70- talet var snøtilhøva dårlege. Mange skirenn vart avlyste og deltakinga var heller dårleg. Eit og anna rennet vart likevel arrangert, og eit år var det langrenn ved Lissjevatna ved grensa mot Dalsfjord. I 1973 bygde laget lysløype i Vik, men p.g.a. snømangel vart ho lite nytta fyrste åra. I 1976 vart det endeleg ein normal snøvinter att, og dette året vart det også arrangert hopprenn. Langrennsaktiviteten tok seg opp, anført av Åge Sørdal og Arvid Brudevoll. Frå 1980 var deltakinga bra i langrenn. I 1983 vart det for fyrste gong arrangert sokalla Vanylvrenn, noko som synte seg å vere ein suksess. I 1984 var det 160 startande i rennet som Syvde IL skipa til. Året før var det sett opp ny lysløype i Sørdalen. Snøscooter har laget hatt sidan 1981.



Frå fyrst på 70- talet har trim vore ein viktig del av aktiviteten til idrettslaget. I årsmeldinga for 1976 står det at heile 6 grupper hadde vore i sving i gym. salen. Herretrim og dametrim er framleis aktive. I tillegg har laget arrangert eller vore med på fleire fjellturar og det er utlagt trimbøker på fleire fjelltoppar. Turorienteringa kom igong i 1979 og har sidan vore eit positivt og motiverande tiltak for bygdefolket. Mange har gjordt ein innsats med utseting av postar, og Hans Myklebust og Eivind Breiteig har nok gjordt den største innsatsen. I 1985 var det heile 100 som deltok i turorienteringa. Same årets vart det teikna orienteringskart over Øverberg/ Lidane. Kvart år vart det arrangert idrettsmerkeprøver utan den store deltakinga. Til vanleg var det 5-6 som greier krav kvart år. Desse har teke statuetten til denne tid: Gudmund Myhren, Geir Nordal, Åge Sørdal, Helga Moen, Arvid Brudevoll og Kåre Vik.



Det er sjeldan det er skeiseis i Syvde. Men 4 gonger har det vore skipa til renn, ein gong med heile 94 deltakarar. I 1979, 1980 og 1981 var det ei aktiv bortennisgruppe i laget.



I 1976 vart det starta ei volleyballgruppe som hadde trening ein gong i veka. Det gjekk likevel fleire år før volleyballen fekk vind i segla. I 1983 var det 2 damelag og 2 herrelag i ein lokal serie, og i 1985 starta herrelaget i 5 divisjon. Det vart fort opprykk til 4 og 3 divisjon der laget har hevda seg godt. Volleyballen har dei siste åra vore den idrettsgreina som har hatt størst aktivitet. Æra for dette må fyrst og fremst tilleggast John Willy Klungre. Også Steinar Arne Nordal med fleire har gjordt ein stor innsats.


Øverberg skisenter 1992

I minst 20 år har det vore snakka om skitrekk og utbygging av eit alpinanlegg. I 1981 vart ein samde om å satse på eit skianlegg på Øverberg. Men det var langt fram, mange skriv og mange møte før ein kom i gang. Idrettslaget utvida og utbedra vegen opp og bydge veg og parkeringsplass. Slalombakken vart planert og tilsådd. Trekket vart innkjøpt og montert.Endeleg vart bakken teken i bruk 29. mars 1992. Laget har fått tilskot frå tippemidlane, frå Vanylven kommune og nærmiljømidlar frå Myklebust krins. Ein del eigna midlar er lagt i drifta, men fyrst og framst har det vore ein stor dugnadsinnsats. Åge Sørdal har heile tida vore primus motor, men mange andre har og hjelpt til. Det vart sist vinter innkjøpt ei større trakkemaskin, og ei kombinert varmestove/ garasje er under bygging. Ei skikkeleg lysløype for langrenn er og planlagt.



Syvde Idrettslag har gått bra dei siste åra. grunnen til dette er fyrst og fremst større oppslutning frå bygdefolket. Men også tildeling av kulturmidlar frå stat og kommune har vore med å lagt tilhøva til rette. Eg vil og nemne den betydning "Synste Møre/ Vestavisa" har hatt for lagsarbeid i bygdene våre, både som stad for kunngjeringar og referat frå verksemda.



Til slutt vil eg gratulere Syvde Idrettslag med jubileet, og ynskje lukke til med dei neste 50 år.
Powered by: Bloc