Informasjon og prisar MOSJON- TURKLASSE:


Påmelding- registrering via internett før fredag kl. 20.00  eller i sekreteriatet fram til start. Viss du registrerer deg på internett vil påmeldingsprosessen i sekreteriatet gå raskare og du slepp lang kø. Betaler du startkontingent via nettbank nokre dagar før løpet må du skrive ut eller avfotografere kvittering- dokumentasjon.

Vi oppfordrar mosjonistar til å ta med seg drikke! Det er lite vatn å finne langs råsa til Blåfelden, og drikkestasjonane er beregna på deltakarane i konkurranseklassa. Alle deltakarane i i mosjonsklasse vert tildelt startnummer. Treng du meir informasjon ring:

INFORMASJONSTELEFON: 971 14 208


Startkontingent barn kr. 100.- ( til og med 12 år) 


Startkontingent vaksen kr. 200.- (inkl. lisens kr. 30.-)

Betaling:

Betaling på førehand via nettbank eller VIPPS. I sekreteriatet kan du betale med kort eller kontant. 

Vi set pris på at du har betalt på førehand for å unngå kø i sekreteriatet.


VIPPS nummer: 16319 Kontonummer: 3910 33 55870

                                                      


      

Enkel bruk av VIPPS.


Klikk på skjema for påmelding mosjon :   





                                                        *******************************************************************************


Konkurranseklasser:



D/M 15-17

D/M 18-19

D/M 20-22

D/M 23-34

D/M 35-39

D/M 40-44

D/M 45-49

D/M 50-54

D/M 55-59

D/M 60-64

D/M 65-69

D/M 70-74

D/M 75+



Prisar KONKURRANSE:

Startkontingent kr. 310.- (lisens kr. 40.- i tillegg eller heilårslisens)

OBS: Påmelding etter 4. juni kl. 24.00 må du betale eit påmeldingsgebyr på kr. 100.-


Påmelding via internett før laurdag kl. 10.00.  via skjemaet til EQ timing som du finn lenger nede på sida.  

Vil du delta i lagkonkurransen så velger du det på påmeldingsskjemaet, du deltek  sjølvsagt også med individuelle resultat.

Deltakarar i konkurransen får drikkeservering (vatn- saft- cola) på 323 moh og 600 moh. I målområde vert det utlevert 1 enhet enten Powerade/ sportsdrikk eller CocaCola.

Hugs: Konkurranseklasse skal bere sekk 2,5 kg. Det er deltakar sitt ansvar å kontrollere at sekken har rett vekt. Dette kan gjerast på vektstasjonen utanfor sekreteriatet.

 

Arrangøren vil føreta kontrollveging før start og ved målpassering. Brot på regelen vil medføre tillegg i tid eller diskvalifikasjon. Treng du meir informasjon ring:

INFORMASJONSTELEFON: 971 14 208



Klikk på EQ timing's logo for påmelding Konkurranse/ Lag:



Lagkonkurransen:


Lagkonkurransen må bestå av minimum tre personar av same kjønn. Vi konkurrererer med reine dame- herre lag, ikkje MIX. Alle som deltek i lagkonkurransen deltek sjølvsagt også med individuelle resultat. 

Vi premierer dei tre beste dame og herre laga, og det vert beregna ei gjennomsnittid på ALLE på laget.




Merk! Ved påmelding godtek ein at namn og bilete av deltakarar kan publiserast i diverse lister, reportasjer, videoar og liknande på sosiale mediar og i aviser- tidsskrifter. Ynskjer du å reservere deg for slik offentleggjering må du kontakte arrangøren.




Levert av IdrettenOnline