Fjelltrimmen til Syvde Idrettslag



Fyrste tur hit gir 10 poeng, deretter 1 poeng for kvar tur: Bjørnen, Vassdalsbu, Lisjerøfsdalen, Trygesteinen og Ulvenakken.



Fyrste tur hit gir 20 poeng, deretter 5 poeng for kvar tur: Høgenipa 1097, Myrkevasstinden 1131, Sandfjelltua 1002, Blæja 1142, Lisjeblæja 1032, Blåfelden 820 og Skåranipa 776



Bøkene vert talde opp 1. oktober og det vert premiering blandt dei som har gyldig medlemskap i fylgjande klasser:



Vi kårer beste dame som Årets Fjellgeit, beste herre som Årets Fjellbukk og dei tre med høgast poengsum under 16 år får tittelen Årets Juniorgeit/ bukk.



I tillegg vil vi gi ei ekstra oppmuntring til ivrige fjellvandrarar. Vi vil trekke ut ein person som har besøkt alle postane i løpet av sesongen. Denne personen vil få ein hotellweekend for to. (Coop hotellkupp) Her er det sjølvsagt krav om gyldig medlemsskap.



God tur!

Arrangementer

Powered by: Bloc