Resultat Blåfelden Rett Opp 2013





Team Blåfelden dagen før dagen i eit strålande ver, på løpsdagen 1. juni, vart sola bytta ut med skodde.

Anders Aukland og Simen Østensen som begge konkurrerer for Team Xtra Personell var dei mest kjende namna i Blåfelden rett opp i år. Mange av dei vi snakka med hadde mest tru på Anders Aukland før start, men det var Simen Østensen som kom først i mål i den tøffe løypa på tida 39.07.


Anders Aukland sette personleg rekord, men kom likevel i mål over minuttet bak på tida 40.21. Simen Østensen syntes løypa var bratt og tøff, og lurte litt på kor bratt ned det var på sidene av den egga han hadde sprunge over på veg mot toppen i tåka.

Arve Rindal frå Eid som har vunne Blåfelden rett opp 3 av dei 5 åra løpet har vore arrangert, og Jann Olav Tjønneland frå Viksdalen tok programmessige 4. og 5. plassar. Men berre halvminuttet bak desse erfarne motbakkeløparane kom unge Rasmus Haugen i klassen 15-17 år i mål på imponerande 42.32. Ei svært god tid for ein så ung utøvar. I følgje den unge løparen sjølv så har han berre vore med på løp i under eitt år, så dette kan bli eit interessant namn framover. Rasmus Haugen har ein onkel som er godt kjent i kondisjonsmiljøet. Onkelen med namn Inge Asbjørn Haugen har fullført over 450 maratonløp, som er norsk rekord.

I klassen for kvinner vann Merete Helgheim frå Gloppen FIL for fjerde gang på tida 47.35. Åse Iren Sætre frå Ørsta vart nr 2 på tida 49.51 og Elisabeth Hildenes frå Eid IL vart nr 3 på 52.14.



Merete Helgheim klarte ikkje å slå sin personeleg rekord frå i fjor, og meinte løypa var litt tyngre enn vanleg på grunn av vått ver. Men mange av dei andre løparane sette personelege rekordar. Ein temperatur på rundt 12 grader i startområdet og om lag 8 grader i målområdet såg ut til å vere god for motbakkeekspertane.

Motbakkeløpet Blåfelden rett opp var arrangert for femte gang i dag, og etter ein fineversperiode den siste veka kom regnet og skodda same dag som Blåfelden rett opp. Konkurranseklassen med førehandspåmelding hadde god deltaking med 48 deltakarar, medan trimklassen der mange melder seg på konkurransedagen hadde ein merkbar nedgang i forhold til i fjor då det 209 trimmarar til topps. I år deltok 117 i trimklassen, og mange av dei for 5. gang. Arrangørane i Syvde IL fekk nok ein gang mykje ros av løparane både i konkurranse- og trimklassen for eit prikkfritt arrangement.






I tillegg til Simen Østensen og Anders Aukland hadde idrettslaget også invitert Christian Prestegård til årets utgåve av Blåfelden Rett Opp. Christian Prestegård er blant annet initiativtakeren og idéskaperen bak kjempesuksessen ”Skåla 1848 meter rett opp” som takket være glimrende markedsføring samlet hele 360 deltakere i sin første utgave. Han deltok i løpet og under premieutdelinga holdt han eit kort inspirerande innlegg om alle fordelar motbakkeløping har for helsa vår.





Plassering Namn Idrettslag Tid
1 Merete Helgheim Gloppen FIL 0.47.35
2 Åse Iren Sætre Ørsta 0.49.51
3 Elisabeth Hildenes Eid IL 0.52.14
4 Iren Nordal Midsund IL 1.01.14
5 Malene Nordal Ulvestad Vestsida IL 1.06.41
6 Elisabeth Ljåstad Hakkadal IL 1.09.50
7 Liv Berge Åheim IL 1.13.17
8 Maryan Eriksen Syvde IL 1.15.34

Plassering Namn Idrettslag Tid
1 Simen Østensen Team Xtra personell 0.39.07
2 Anders Aukland Team Xtra Personell 0.40.21
3 Arve Rindal Eid 0.40.58
4 Jann Olav Tjønneland Viksdalen IL 0.41.44
5 Rasmus Haugen Hornindal IL 0.42.32
6 Rune Aase Kalhagen Nordfjordeid 0.47.02
7 Arve Haugland Eidsdal/Åmdal IL 0.47.37
8 Ivar Hustadnes Muren VTI Nordisk 0.48.43
9 Gunnar Emblem Hakallestranda 0.48.59
10 Karl Idar Vik Syvde 0.49.23
11 Håvard Hasund Volda TIL 0.49.29
12 Anders Bringsvor Sansøy IL 0.50.11
13 Øyvind Myklebust Syvde IL 0.50.58
14 Martin Hauge Nilsen Kondis 0.51.05
15 Bernt Marius Rørstad Volda TIL 0.51.28
16 Vegard Vassbotn VTI Nordisk 0.51.34
17 Bjørn Oksavik Kondis 0.51.40
18 Arnstein Vatsaas Utrøna Seglarlag 0.51.44
19 Petter Løset Skodjereite Stordal 0.52.04
20 Anders Bakkebø Åheim 0.52.17
21 Harald Svein Nystøl Hakallestranda 0.52.37
22 Aril Vonheim DnB 0.52.45
23 Eirik Frank Saunes Hødd IL 0.52.57
24 Johan Andre Eikrem Syvde 0.53.23
25 Hallstein Saunes Hødd IL 0.53.39
26 Erik Driveklepp Volda 0.54.01
27 Rudy Amundsen Kleven 0.54.02
28 Kai Roger Haugen Loen IL 0.56.09
29 Anders Ystebakk Midtbø Syvde IL 0.56.20
30 Trygve Nordhagen Team LA5VM 0.57.07
31 Fredrik Midtbø Syvde IL 0.57.35
32 Onar Huldal Kondis 0.59.06
33 Gustav Landsverk Syvde IL 0.59.08
34 Arne Fossheim Ålesund 0.59.33
35 Ottar Sætre IL Lauparen 0.59.43
36 Joar Takset Syvde IL 1.01.26
37 Christian Prestegård IL Fanaråk 1.04.02
38 Odd Jonny Telset Ørsta 1.08.02
39 Elias Odden Slettevoll VTI Nordisk 1.15.12

klassevismenn2013.pdf

klassevisdamer2013.pdf

mosjon2013.pdf