Resultat Blåfelden Rett Opp 2010


22 mai 2010 vart Blåfelden rett opp arrangert for andre gong. Det har vore ein lang og kald vår og fjorten dagar før motbakkeløpet var arrangøren på befaring av løypa. Denne måtte avbrytast på Eggja p.g.a. kraftige og intense snøbyger. Veka etter vart det gjordt eit forsøk på å molde dei mest snørike delane av løypa og på den måten hjelpe Vårherre og synnjavinden med snøsmeltinga, men utan at det hjelpte nemneverdig. Skulle ver og snøforholda verte vanskelig hadde vi muleghet til målpassering på Svartetua som er løypas høgaste punkt på 842 m.o.h. Dagen kom med det verst tenkeleg veret som ein arrangør av eit motbakkeløp kunne få, skodde langt ned i fjella, yr og regn. Helikoptertransport av utstyr var ikkje aktuellt so det vart litt ekstra i ryggsekkane til mannskapet på Svartetua der målpasseringa skulle etablerast. Men mange spreke mosjonistar trossa skodde og yr og tok turen til Svartetua. 108 påmelde i mosjonsklassa og 29 deltakarar i konkurransen.



Damer 2010.pdf


Damer klassevis 2010.pdf


Herrer 2010.pdf


Herrer klassevis 2010.pdf


Mosjonsklasse 2010.pdf

Powered by: Bloc