Vikehornet 709 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015


Startpunkt er frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra, følg vegvisar til Vikehornet 5 km. Det er same råsa som går til Blæjevatnet og den startar ovanfor hyttene, merka med blåmalte steinar og stikker. Kryssing av ei lita elv som kan vere stor etter kraftig regn. Råsa får god stigning etterkvart og du kjem raskt opp i høgde. Ved Tåbrothytta er det passeleg å puste ut, den brattaste kneika er over. Herifrå går råsa over nokre knausar og terrenget flatar etterkvart ut innover mot ein stor stein som ligg ved foten av ein liten bakke. På den store steinen finn du to vegvisarar: Vikehornet til venstre og Lisjeblæja til høgre. Råsa som fortset rett fram går til Blæjevassbu. Følg blåmalte stikker til venstre og finn eit høveleg krysningspunkt av elva. Gå på lyngmark oppover til du finn sauderåsa som er merka med blåmaling. Råsa går i fin høgde med torrt underlag og er merka med blåmalte steinar og stikker utover mot Vikehornet. 


GPS fila til Vikehornet finn du her: http://morotur.no/Morotur/Turar/Vikehornet-rute-53C 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline