Nytt system for registrering i Fjelltrimmen

Postet av Syvde IL den 24. Mar 2019

Frå 1.oktober 2019 vil idrettslaget ta ibruk eit nytt system for registrering i Fjelltrimmen. Vi vil samstundes bruke bøkene, men den enkelte må gjere eit val om enten å bruke boka som før eller mobiltelefon. Systemet er veldig enkelt og kostnadsfritt for deg som bruker. Det fyrste du må gjere er å laste ned appen GEOREG på mobilen. Søk den opp i Play Store/Apple Store og installer den på vanlig måte. Sjølvsagt er den gratis. Deretter må du registrere deg i systemet som vanlig bruker. Det gjer du ved å gå inn på www.georeg.no og klikke Registrere. Sjå ellers link til georeg si nettside lenger nede.

Når du er på ein av våre postar opnar du appen på telefonen din og trykker på registrer knappen. Ved nokre av postane våre, f.eks. Lisjerøfsdalen og Vassdalsbu er det dårleg dekning. Det vil du få beskjed om, men registreringa di vert lagra i appen og når telefonen har dekning vert registreringa lagra i systemet.

Slik ser bildet ut på telefonen din når du er på ein av postane. Det raude varselet på høgre side med 1 innfelt indikerer at 1 post ikkje hadde dekning, men ligg lagra i appen.


Dette systemet vil spare oss i idrettslaget for mykje arbeid med opptelling av registreringar. Vi ynskjer derfor at flest mogleg bruker Georeg sitt system allereide no for å verte kjendt med systemet. Det vil vere ei prøveperiode fram til ny sesong startar 1.oktober 2019.


Fyldig beskrivelse av systemet finn du her: http://www.georeg.no/ 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline