Lagkonkurranse Blåfelden Rett Opp

Postet av Syvde IL den 7. Apr 2016


Til no har det vore mogleg for ansatte i same bedrift å melde seg på i vår Bedriftskonkurranse. Vi veit at ved fleire høve har det vore problem med å finne tre personar med same arbeidsgivar til å danne eit lag. I år har vi gjordt ei endring og lanserer derfor ein Lagkonkurranse under årets løp 4. juni 2016.

Lagkonkurransen vil erstatte den tidlegare Bedriftskonkurransen, ei endring som vil gjere det enklare for deltakarar å stille lag. Vi trur også at lista for å delta i konkurransen ligg lavare når ein kan delta på eit lag. Eit lag kan bestå av løperar som f.eks:

  • jobbar ilag i ei bedrift
  • går i same klasse
  • er medlemar i eit idrettslag
  • spelar fotball ilag
  • er med i ei trimgruppe
  • er i ein venninegjeng
  • er studiekameratar
  • er tre gode naboar
  • vil utfordre seg sjølv
  • ikkje har delteke i konkurranse før men har lyst til å prøve

Einaste kravet vi set er at laget består av min. 3 personar, og for at konkurransen skal vere rettferdig konkurrerer vi med damelag og herrelag. Skulle eit lag bestå av fleire enn tre vil tidene til dei tre beste vere gjeldande, og vi premierer dei beste dame/ herrelaga. Alle som deltek i lagkonkurransen deltek sjølvsagt også med individuelle resultat.

Nyheita om Lagkonkurranse vart godt motteken blandt gutta i Sunnmøre Politidistrikt som har delteke begge åra Bedriftskonkurransen har eksistert. Dei gler seg til ein hardare konkurranse og ein gjevare premie å vinne. På biletet ser vi Per Ivar Hovden, Christoffer Alnes og Karl Idar Vik med pokalen flankert av brødrene Anders og Jørgen Aukland.







Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.