Fjelltrimmen med ny trimpost

Postet av Syvde IL den 20. Sep 2019

Ny sesong og ny trimpost og nytt registreringssystem.


Sesongen 2018- 2019 i Fjelltrimmen går mot slutten. 30 september vert bøkene bytta og skal du gjere ein innspurt må du hive deg rundt no. Skal du vere med i konkurransen om bl. a. gratis hotellweekend må du sjekke at du har hugsa å betale medlemskontingenten! 

1. oktober starter ein ny sesong og som dei dei fleste no har fått med seg, tek vi ibruk GEOREG sitt registreringssystem.  Du finn fyldig brukerveiledning her: Bruksanvisning Georeg.pdf


Skal du besøke alle postane eller bruke Fjelltrimmen aktivt oppfordrar vi deg til å ta ibruk GEOREG. Det vil forenkle arbeidet for oss som skal telje registreringane og derfor sparer oss for mykje tid. På tre av postane vil du oppleve at registreringa ikkje "går ut" på grunn av manglande dekning. Det er i Lisjerøfsdalen- Vassdalsbu og av og til på Trygesteinen. Dette får du beskjed om på skjermen, men so snart du har dekning på telefonen vert besøket registrert. Oversikt over alle postane finn du her: http://syvdeil.no/p/15080/postar-fjelltrimmen 

1.oktober 2019 vert det ny trimpost på eit av dei finaste utsiktspunkta i Syvde, Vikehornet 709 moh. Samstundes legg vi ned trimposten på Skåranipa. Turen ut til Vikehornet startar frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra og opp Tåbrotet. Det er også muleg å gå opp anleggsvegen til Helgåa kraftverk. Ny rås og merking vil kome på plass seinare. Vi håper mange vil ta turen ut til Vikehornet og nyte den fine utsikta over Syvde.






Spreke Birkebeinera frå Syvde IL

Postet av Syvde IL den 3. Sep 2019

Årets Birkebeiner 2019: Frå v. Gunnar Eikrem, Kåre Nygård, Aud Oddveig Nygård og Johan Andre Eikrem.


God deltaking frå Syvde Idrettslag under Birkebeinerrittet 2019, der det vart meldt om vått og sugande underlag. 9 stk fullførte det 86 km lange rittet, som dei alle har delteke i fleire gonger.  4 stk. vart kåra som Årets Birkebeinar!! Dvs dei har delteke i Birkebeinerrennet- Birkebeinerløpet og Birkebeinerrittet same år. Vi gratulerer dei med flott innsats!!

Løpet gikk heller ikkje utan dramatikk for fleire av "våre" rytterar. Aud var uheldig på Skramstadsetra (første matstasjon) der en sykklist i «matkøa» plutselig stoppa, og Aud som då hadde fått et drikkebeger i høgre handa i refleks bremsa med venstre bremsehendel som då gjekk over i ei «kollbøtte». Mest «bank» fekk venstre side med kne, ribbein, skulder og venstre del av ansikt/ hode (hjelmen er kassert). Ho kom seg på sykkelen men oppdaga etter litt at styret var 30 grader skeivt. Ho fekk først hjelp av en support gjeng frå Foss Sykkel, men måtte ha ei ekstra justering på Bringbu. Ho klarte likevel å gjennomføre rittet.

Oddbjørg stoppa for å hjelpe ei dame som hadde velta, ho mista dyrbar tid og kom i mål to minutt for seint til å ta merket. I ettertid har arrangøren sett på hendinga og dei oppfordrar deltakarar til å hjelpe andre som får problem underveis, utan at dei skal miste tid. Dei har beregna ny tid på Oddbjørg som er 4.28.22. Det betyr at ho klarte merket, og ikkje nok med det, ho fekk gullmerke for å ha teke merket 5 gongar!! Vi gratulerer Oddbjørg med innsatsen!!

Terje hekta i hop med sidemannen i ein nedoverbakke og i forsøket med å kome seg fri vart han påkøyrd bakfrå. Resultatet vart store skrubbsår på høgre arm og sprekk i hjelmen. 

John, Gunnar, Kåre, Aud, Steinar, Johan Andre, Oddbjørg.


Terje, Steinar, Arild og Oddbjørg.