EQ timing på Blåfelden

Postet av Syvde IL den 28. Apr 2019

Laurdag fekk vi besøk frå EQ timing, leverandøren av det nye tidtakingsystemet som skal brukast på Blåfelden Rett Opp og Stadlandet Rett Vest. Nøkkelpersonar i begge idrettslaga vart kursa i bruken av systemet. Det var fokus bl. a. på korleis sette opp eit arrangement via EQ timing si nettside. Korleis påmeldinga fungerer og korleis hente ut resultat. Når desse detaljane er på plass er det lite arbeid på arrangøren. Løperar melder seg på via EQ timing si nettside. Der får dei tildelt startnummer, der vert betalinga utført og lisens innkrevd. Arrangøren hentar startlista på løpsdagen og deler ut startnummer. I startnummeret er ei brikke som vert registrert når løperane passerer antennene i målområdet. Tidspunktet vert sendt til EQ timing sin server fortløpande, og publikum som har nettilgong kan fylgje med på målpasseringane live. 

Utstyret vart også kobla opp slik at vi fekk sjå korleis det fungerer i praksis.

Frå v: Ingar Bjørnø- EQ timing, Lars-Helge Honningsvåg, Stad.IL, Bjørn-Erik Drage, Syvde IL, Stig Arild Reksnes, Stad.IL, Kåre Nygård, Syvde IL, Per-Magne Sørdal, Syvde IL. Foto: Atle Midtbø


Frå h: Merete Vatne, Syvde IL, Ole Jørgen Strand, Syvde IL, Kristin Sudmann, Stad.IL, Morten Larsen, Stad.IL, Siv Monja Sjåstad, Stad.IL, Knut Brudevoll, Syvde IL. Foto: Atle Midtbø


Som arrangørar av motbakkeløp har styra i Stadlandet IL og Syvde IL lenge vurdert løysingar som kan vere arbeidsbesparande. Når vi vart klar over at begge var på jakt etter same løysing var samarbeid eit faktum. Vi kjøpte EQ timing sitt MiniTrack system, som er vel utprøvd og dei er den største leverandøren i landet. 




0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline