Blåfelden Rett Opp 2019

Postet av Syvde IL den 20. Jan 2019

Thomas Alsgaard, Kristen Skjeldal og Frode Estil under Blåfelden Rett Opp 2018. Foto: John Willy Klungre.

Vi kan ikkje garantere at du treffer desse idrettsheltane på Blåfelden til sommaren, men vi kan garantere god stemning langs løypa og i målområdet. Vi kan også garantere at løypa er like bratt og tung som før og at det følest fantastisk godt når toppen er nådd og du kan legge din utslitne kropp i lyngen og puste ut. Vi i Syvde Idrettslag gler oss til å treffe tidlegare og nye deltakarar under årets Blåfelden Rett Opp som vert arr. den 8. juni 2019.

Som vanleg har vi Lagkonkurranse i tillegg til dame og herreklasse. I lagkonkurransen er det stor rift om pokalane i herreklassen, men i dameklassen er det vesentlig mindre oppslutning . Derfor oppfordrar vi spesielt damer til å melde seg på i Lagkonkurransen. 




Årsmøte Syvde Idrettslag

Postet av Syvde IL den 16. Jan 2019

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Syvde Idrettslag onsdag 6. februar kl. 19.30 på kantina Syvde Samfunnshus. Det vert vanlege årsmøtesaker og valnemda legg fram sitt forslag på årsmøtet. Har du ei sak eller noko du brenn for som du vil diskutere med årsmøtet, må du ta kontakt med styret i god tid før møtet.

Vel møtt!

Styret



VIL DU BLI MED PÅ SYVDE IL IDRETTSSKULE?

Postet av Syvde IL den 10. Jan 2019

Kva er Syvde IL idrettsskule?

Idrettsskule for barn er eit variert aktivitetstilbod kor barn får prøve fleire ulike idretter i fleire miljøer, for eksempel i sal, i skogen, på snø, på is eller i vatn. Vi vil forsøke å være innom forskjellig type idrettsgrener gjennom sesongen; friidrett, fotball, håndball, turn, dans, sykling, ski, aking, fjellturer og evt. bading etc. 

Vi legg vekt på å utvikle ein god grunnmotorikk gjennom leik og aktivitetar tilpassast barnets utviklingsnivå. 

NB: Vil vil være i gamlegymsalen på Myklebust skule på tysdagar fra 17.15 – 19.30.

1.-3.klasse vil der være fra 17.15 – 18.15

4.-7.klasse vel der være fra 18.30 – 19.30


Husk innesko og drikkeflaske! Og selvfølgelig et godt smil for her skal det bli moro!


Ta kontakt for påmelding og eventuelt meir informasjon til:

  • Hilde Kristin Herskedal 

Tlf: 988 77 164 

  • Gry Takset
     Tlf: 900 53 464


Medlemskontingent og annen informasjon om Syvde IL på hjemmesida: http://syvdeil.no/




Godt Nytt treningsår!

Postet av Syvde IL den 1. Jan 2019

Mange har sikkert bestemt seg for at NO skal eg ta tak i den dårlege forma mi og gjer noko med den. Då skal du vite at Syvde Idrettslag har eit godt treningsopplegg igong, og akkurat no har vi eit introduksjonstilbod ut januar månad. Treningane våre er for medlemar i idrettslaget, men ut januar kan du kome og vere med heilt gratis og vurdere om dette er noko for deg. 

  • Vi har intervalltrening mandag kl 19.30, for kvinner og menn. kontakt sms 995 55 407
  • uteTRENING med puls, tirsdag kl. 19.00. styrke og kjernetrening for kvinner. kontakt sms 971 01 208
  • Vi har styrke og kjernetrening for menn onsdag kl. 19.30. kontakt sms 971 14 208

Dette kan du ikkje seie nei til!!



Levert av IdrettenOnline