Øverberg Skisenter er online.

Postet av Syvde IL den 12. Mar 2018

10. mars var ein merkedag for Øverberg Skisenter og Syvde Idrettslag. Då kunne du nemelig fylgje trakkemaskina si ferd innover Syvdeslidane, nesten minutt for minutt. Vi har montert GPS i maskina og publikum kan no få oppdatert løypeinfo når ein treng det. Nettadressa er www.skisporet.no  eller via ein app som heiter skisporet. Heile løypenettet vårt er innteikna og fargen endrar seg i forhold til når det sist vart køyrt løype. Vi vil sjølvsagt i tillegg holde alle informert om ver og føreforhold, med bilete på facebooksida til Syvde IL. Nyttar høvet og minnner om at det er mange i Syvde Idrettslag som arbeider dugnad for at skiløypene skal verte best muleg. Vi seier Tusen TAKK til alle som set pris på dugnadsarbeidet og betaler litt i løypestøtte!! Kryssar fingrer og håper på at skisesongen varer langt over påske! God tur!



Blåfelden Rett Opp deltek i motbakkecup.

Postet av Syvde IL den 12. Mar 2018

 Også iår vil Blåfelden Rett Opp vere det fyrste løpet i SparebankenMøre Motbakkecup. I år er cupen utvida til elleve motbakkeløp, so det er mange flotte arrangement å velge i. Vi håper mange prikkar inn forma og er klar til å vere med på 10 års jubileumet til Blåfelden Rett Opp 2. juni. Meir infor om cupen finn du her: Sparebanken Møre motbakkecup 2018.pdf


Øverbergrondå i fin stil.

Postet av Syvde IL den 5. Mar 2018

Flotte forhold under den åttande Øverbergrondå som vart arrangert søndag 4. mars. Det vart køyrt opp løyper frå Øverberg innover til Slivatnet og Heimesætrane, vidare over Vareggja og Huldreløypa som slyngar seg over Hellebustfjella, innom Vassdalsbu og tilbake til Øverberg. Over 2 mil med løyper i eit fantastisk flott turterreng. Det var sol og vindstille heile dagen men mange, mange fleire enn dei 67 påmelde burde ha vore til fjells denne dagen. 

Runar og Magnus Vik, Anders Midtbø, Siv Vik, Gunnar Eikrem, Sølvi Midtbø, Kim Tonny Røys og Amalie Ervik Røys har nettopp registrert seg på kontrollposten ved Slivatnet og er klar til å fortsette turen til Vassdalsbu.  Ved Vassdalsbu hadde Røde Kors med heile sin ekvipasje base, og serverte bålkaffi og dei demonstrerte korleis elektroniske skredsøker fungerte. 

Lensmann Tormod Hvattum bruker løypene på Øverberg skisenter so ofte han kan. Han deltok i sin femte ronde og hadde kvalitetssikra løypene då han ankom Vassdalsbu. Han klaga litt på løypene, dei var for perfekte. 

Resultalister Øverbergrondå 2018.pdf

Her er litt fleire bilder frå Øverbergrondå 2018: